50 % vikariat som sjukepleiar/helsesekretær ved legekontoret
Sjukepleiar/helsesekretær 50 % vikariat
Sjukepleiar/helsesekretær 50 % vikariat i eit år ved Hjartdal legekontor
Helsekontoret:
Hjartdal helsekontor har eit spennande og tverrfagleg miljø, med legekontor, helsestasjon, psykolog, teneste psykisk helse, jordmor og fysio- ergoterapiteneste.
På legekontoret er det 3 fastlegar, LIS 1, fagsjukepleiar og sjukepleiarar/helsesekretær.
Vi har stort fokus på samhald, positivitet og samarbeid som viktige verdiar i arbeidskvardagen.
Dette tilbyr vi deg:
- Høgt fagleg fokus, utfordringar for nettopp deg
- Moglegheit for å vere med å påverke din eigen arbeidskvardag
- Vi tek godt vare på våre tilsette
Konkurransedyktige ordningar for deg som tilsett:
- Du blir tilsett basert på gjeldande lovar, reglement og tariffavtaler.
- Løn etter avtale
- God forsikrings- og pensjonsordning
Vi trur dette er deg:
- Positiv og løysingingsorientera
- Arbeidsam bidragsgivande
- Endringsvillig og glad i utfordringar
- Klar for å lære nye ting
Her er litt ekstra informasjon som er greitt å vere klar over:
- Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg! Men du - hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar.
- Prøvetida di er på 6 månadar.
- Det er krav om politiattest jf. Opplæringslova § 10-9.
- Blir du tilsett, må du leggje fram gyldig politiattest og HPR nummer (autorisasjonsnummer)
- Skal du bli tilsett, må du vere personleg egna for stillinga.
Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?
Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.
Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!
Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.
Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.
Del på:
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
31.01.2026
Tiltreding:
13.04.2026
Arbeidsstad:
Helsekontoret
Heimeside:
http://www.hjartdal.kommune.noAdresse:
Hågånvegen 17 3692 Sauland